Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 10:17-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre miner gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.

18. Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull.

19. Kongsstolen hadde seks troppesteg, og på baksida var det ein rund topp. På begge sider av setet var det stolarmar, og attmed stolarmane stod det to løver.

20. På dei seks troppestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Maken til kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.

21. Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alle reiskapane i Libanon-skoghuset var av fint gull. Ingen ting var av sølv; sølvet vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar.

22. For kongen hadde Tarsis-skip på havet saman med skipa åt Hiram. Ein gong tredjekvart år kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.

23. Kong Salomo var rikare og visare enn alle andre kongar på jorda.

24. Frå alle verdsens kantar kom dei og ville sjå han og høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjarta hans.

25. Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kledebunader, våpen, krydder, hestar og muldyr.

26. Salomo la seg til vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Av dei la han somme i vognbyane, og somme hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem.

27. Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i Sjefela.

28. Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå Kue. Kjøpmennene hans henta dei i Kue for betaling.

29. Kvar vogn som vart innført frå Egypt, kosta seks hundre sekel sølv, og kvar hest hundre og femti sekel. Sameleis henta dei vogner og hestar til alle hetittkongane og aramearkongane.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 10