1. Takk Herren, for han er god,evig varer hans miskunn.
2. Israel skal seia:Evig varer hans miskunn.
3. Arons hus skal seia:Evig varer hans miskunn.
4. Dei som fryktar Herren, skal seia:Evig varer hans miskunn.
5. Eg var i trengsle og ropa til Herren,han svara og førte meg ut i ope land.
6. Herren er med meg, eg er ikkje redd.Kva kan menneske gjera meg?
7. Herren er med meg, han hjelper meg,eg kan sjå på dei som hatar meg.