1. Ein mann ¬som får refsing ¬og endå er stridlyndt,han vert brått knust ¬og kan ikkje lækjast.
2. Når rettferdige får makta, ¬fegnast folket,når ein niding styrer, ¬sukkar folket.
3. Den som elskar visdom, ¬gleder far sin,den som held lag med skjøkjer, ¬øyder si eige.
4. Ein konge tryggjer sitt land ¬med rett,den som syg det ut, ¬legg det i øyde.
5. Ein mann som smeikjer ¬for nesten sin,set eit garn for føtene hans.
6. Ein vond manns synder ¬er ei felle for han,men den rettferdige ¬kan fegnast og gleda seg.
7. Den rettferdige veit ¬å hjelpa småkårsfolk i retten,men den gudlause ¬har ikkje vit på noko.
8. Spottarar øser opp heile byen,men vismenn får vreiden ¬til å stilna.
9. Når ein vis mann ¬har sak med ein dåre,vert det bråk og lått og inga ro.