16. og Sjabbetai og Josabad, som begge var levitthovdingar og stod for dei ytre gjeremål ved Guds hus,
17. Mattanja, son til Mika, son til Sabdi, son til Asaf, songmeisteren som røysta i med lovsongen når dei bad, Bakbukja, som kom nest etter han av brørne hans, og Abda, son til Sjammua, son til Galal, son til Jeditun.
18. I alt var det 184 levittar i den heilage byen.
19. Av portvaktarane: Akkub, Talmon og brørne deira, som heldt vakt ved portane, i alt 172.
20. Resten av israelittane, prestane og levittane budde i alle dei andre byane i Judea, kvar på sin eigedom.
21. Tempeltenarane budde på Ofel, og Sika og Gisjpa hadde tilsyn med dei.
22. Tilsynsmenn for levittane i Jerusalem var Ussi, son til Bani, son til Hasjabja, son til Mattanja, son til Mika, ein av etterkomarane etter Asaf, dei som song når det vart halde gudsteneste i Guds hus.
23. For kongen hadde gjeve føresegn om songarane og fastsett kva dei skulle gjera kvar dag.
24. Kongens rådgjevar i alle saker som galdt folket, var Petakja, son til Mesjesabel, ein av etterkomarane etter Serah, son til Juda.
25. Nokre av dei som høyrde Juda-ætta til, budde i landsbyar med marker ikring: i Kirjat-Arba og byane der ikring, i Dibon og byane der ikring, i Jekabse’el og landsbyane som høyrer til,
26. i Jesjua, Molada og Bet-Pelet,
27. i Hasar-Sjual, i Be’er-Sjeba og byane der ikring,
28. i Siklag, i Mekona og byane der ikring,
29. i En-Rimmon, Sora og Jarmut,
30. i Sanoah, i Adullam og landsbyane som høyrer til, i Lakisj med markene ikring, i Aseka og byane der ikring. Såleis hadde dei bustadene sine frå Be’er-Sjeba til Hinnom-dalen.