6. Folkeslag skjelv for dei,kvart andlet er eldande raudt.
7. Som krigarar rusar dei fram,som stridsmenn ¬stormar dei murar.Kvar ein går strake vegenog bøyer ikkje av frå stigen.
8. Ingen trengjer ¬den andre bort,kvar mann held sin plass.Dei rusar fram ¬mellom kastespydog lèt seg ikkje stogga.
9. Dei fer inn i byen,dei stormar opp på muren,dei trengjer inn i husa.Gjennom vindauga går dei ¬som tjuvar.
10. Jorda skjelv framføre dei,og himmelen skjek.Sol og måne svartnar,og stjernene misser sin glans.
11. Herren lyfter si røystframfor fylkingen han fører;for veldig er hans hærog mange dei ¬som lyder hans ord.Ja, stor og skræmande ¬er Herrens dag,kven kan halda han ut?
12. Men jamvel no,lyder ordet frå Herren,vend om til meg ¬av heile dykkar hjarta,med faste og gråt og klage!
13. Riv ikkje kleda sund,men lat angeren riva i hjarta!Vend om til Herren ¬dykkar Gud!For han er nådig og mild,langmodig og rik på miskunn;han kan endra sin planså han ikkje lèt ulukka koma.
14. Kanskje snur han om ¬og endrar sin planog legg velsigning etter seg– grødeoffer og drikkofferfor Herren dykkar Gud.
15. Blås i horn på Sion,lys ut ei fasteog kunngjer høgtidssamling!