1. Mennesket, ¬født av ei kvinne,lever kort og fyllest av uro.
2. Det skyt opp som blomen ¬– og visnar,det fer bort som skuggen ¬og står seg ikkje.
3. Men du held vake auga ¬med mannenog stemner han for din domstol.
4. Kan det koma ein rein ¬av ein urein?Nei, ikkje ein.
5. Er mannens levetid fastsett,har du avgjort hans månadstal,har du sett ei grense for han,som han ikkje kjem utom,
6. så lat han få vera i fredmedan han gleder seg ¬over sin arbeidsdag.
7. For eit tre er det von.Vert det hogge, ¬kan det veksa opp att;det vantar ikkje renningar.
8. Om røtene i jorda eldest,og stuven morknar i molda,