2. Det de veit, veit eg òg,eg er ikkje ringare mann enn de.
3. Men eg vil tala ¬til Den Allmektigeog forsvara meg mot Gud.
4. Men de som smør på så tjukt ¬med lygn,kvaksalvarar er de alle.
5. Gjev de ville teia!Då skulle de reknast for vise.
6. Så høyr kva eg har å seia imot,lyd på mitt innlegg i striden!
7. Vil de forsvara Gud med urett,tala hans sak på svikefull vis?
8. Vil de halda med Gudog vera sakførarar for han?
9. Går det godt ¬om han ransakar dykk?Vil de narra han ¬som ein narrar menneske?
10. Han kjem til å refsa dykkom de i løynd held med han.
11. Vert de ikkje skræmde ¬av hans velde,kjenner de ikkje redsle for han?