Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Titus 2:5-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. leva sømeleg og reint, ta ansvar for heimen og underordna seg mennene sine, så Guds ord ikkje skal bli spotta.

6. På same måten skal du formana dei unge mennene til å vera stødige

7. i all si ferd. Ver sjølv eit førebilete i gode gjerningar! Lat undervisinga di vera uforfalska og boren fram med alvor,

8. og lat forkynninga di vera sunn og ulasteleg, så kvar motstandar må skjemmast fordi han ikkje har noko vondt å seia om oss.

9. Slavane skal du formana til å underordna seg herrane sine i alt og retta seg etter dei utan å seia imot.

10. Dei må ikkje stikka noko til sides, men alltid vera ærlege og trufaste, så dei i eitt og alt kan vera til pryd for Guds, vår frelsars lære.

11. For Guds nåde er openberra til frelse for alle menneske.

12. Og hans nåde oppdreg oss til å seia nei til alt ugudeleg og til verdslege lyster og leva i sjølvtukt, rettferd og gudsfrykt i den verda som no er,

Les hele kapitlet Titus 2