Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Titus 1:7-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. For ein tilsynsmann er Guds hushaldar, og det må ikkje vera noko å seia på han. Han må ikkje vera eigenrådig, bråsint, drikkfeldig eller hardhendt og ikkje ute etter skammeleg vinning.

8. Men han skal vera gjestfri og ha kjærleik til det gode, vera forstandig og rettferdig, ha ærefrykt for Gud og ha herredøme over seg sjølv.

9. Han må halda seg til det truverdige ordet i samsvar med læra, så han er skikka til både å rettleia etter den sunne læra og å visa at dei som talar imot, tek feil.

10. For det er mange som er trassige, særleg blant dei omskorne. Dei fer med tomme ord og fører folk vill.

11. Du må stoppa munnen på dei, for dei fører ulukke over heile familiar når dei spreier ei falsk lære for å få skammeleg vinning sjølve.

12. Ein av deira eigne, ein profet, har sagt: «Kretarar har alltid vore løgnarar, råe villdyr, grådige og late!»

13. Dette vitnemålet er sant. Difor skal du refsa dei strengt, så dei kan få ei sunn tru.

14. Dei må ikkje halda seg til jødiske mytar og bod, gjevne av menneske som har vendt seg frå sanninga.

15. Alt er reint for dei reine, men for dei ureine og vantruande er ingen ting reint. Nei, hos dei er både vitet og samvitet ureine.

16. Dei forsikrar høglydt at dei kjenner Gud, men med gjerningane sine fornektar dei han. Dei er avskyelege og ulydige og ute av stand til å gjera noko godt.

Les hele kapitlet Titus 1