Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Titus 1:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel – utsend for å føra Guds utvalde til tru og læra dei å kjenna sanninga som gjev gudsfrykt

2. og håp om evig liv – det livet som Gud, han som ikkje lyg, har lova frå evige tider.

3. Til fastsett tid har han openberra sitt ord i den bodskapen som er tiltrudd meg etter påbod frå Gud, vår frelsar.

4. Eg helsar Titus, mitt ektefødde barn i vår felles tru: Nåde og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår frelsar!

5. Eg lét deg vera att på Kreta så du skulle få orden på det som endå var ugjort, og setja inn eldste i kvar by, som eg baud deg.

6. Ein eldste må det ikkje vera noko å seia på: Han skal vera mann til éi kvinne, borna hans må vera truande, ikkje trassige og ikkje kunna klagast for å leva eit vilt liv.

7. For ein tilsynsmann er Guds hushaldar, og det må ikkje vera noko å seia på han. Han må ikkje vera eigenrådig, bråsint, drikkfeldig eller hardhendt og ikkje ute etter skammeleg vinning.

8. Men han skal vera gjestfri og ha kjærleik til det gode, vera forstandig og rettferdig, ha ærefrykt for Gud og ha herredøme over seg sjølv.

9. Han må halda seg til det truverdige ordet i samsvar med læra, så han er skikka til både å rettleia etter den sunne læra og å visa at dei som talar imot, tek feil.

10. For det er mange som er trassige, særleg blant dei omskorne. Dei fer med tomme ord og fører folk vill.

11. Du må stoppa munnen på dei, for dei fører ulukke over heile familiar når dei spreier ei falsk lære for å få skammeleg vinning sjølve.

Les hele kapitlet Titus 1