Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 9:7-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. og ikkje alle som nedstammar frå Abraham, er Abrahams born. For det står: Gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di.

8. Det vil seia: Det er ikkje dei som er borna hans av kjøt og blod, som er Guds born. Nei, dei som er born ut frå lovnaden, reknar han som Abrahams ætt.

9. For dette er eit lovnadsord: Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara ha ein son.

10. Og ikkje berre det – også Rebekka fekk to søner med éin mann, Isak, stamfaren vår.

23. Før dei var fødde, då dei verken hadde gjort godt eller vondt, sa Gud til henne: Den eldste skal tena den yngste. Guds plan og utveljing skulle stå fast og er ikkje avhengig av menneskegjerningar, men berre av han som kallar.

13. For det står skrive: Jakob elska eg, men Esau hadde eg uvilje mot.

14. Kva skal vi seia til dette? Er Gud urettferdig? Langt ifrå!

15. For til Moses seier han: Eg vil miskunna meg over den eg vil, og ynkast over den eg vil.

16. Så står det ikkje til den som vil, og ikkje til den som strevar, men til Gud som miskunnar seg.

17. For Skrifta seier til farao: Når eg lét deg stiga fram, var det fordi eg ville visa mi makt på deg, og for at namnet mitt skal bli forkynt over heile jorda.

18. Det viser at han gjer miskunn mot den han vil, og forherdar den han vil.

19. No vil du vel seia: «Kva har han då å klaga oss for? Kven kan stå imot hans vilje?»

20. Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan verket seia til handverkaren: «Kvifor laga du meg slik?»

21. Eller har ikkje pottemakaren makt over leira, så han av same leirklumpen kan laga ei krukke til fint bruk og ei anna til simplare bruk?

22. Og endå Gud ville visa sin vreide og kunngjera si makt, har han med stort tolmod bore over med dei krukkene som var under vreiden og laga for å gå til grunne.

23. Han gjorde det for å kunngjera kor rik hans herlegdom er for dei som han ville visa miskunn, dei som han på førehand hadde gjort ferdige til herlegdom.

24. Oss òg har han kalla til å vera slike krukker, ikkje berre mellom jødane, men mellom heidningane òg.

Les hele kapitlet Romarane 9