Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 9:14-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Kva skal vi seia til dette? Er Gud urettferdig? Langt ifrå!

15. For til Moses seier han: Eg vil miskunna meg over den eg vil, og ynkast over den eg vil.

16. Så står det ikkje til den som vil, og ikkje til den som strevar, men til Gud som miskunnar seg.

17. For Skrifta seier til farao: Når eg lét deg stiga fram, var det fordi eg ville visa mi makt på deg, og for at namnet mitt skal bli forkynt over heile jorda.

18. Det viser at han gjer miskunn mot den han vil, og forherdar den han vil.

19. No vil du vel seia: «Kva har han då å klaga oss for? Kven kan stå imot hans vilje?»

20. Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan verket seia til handverkaren: «Kvifor laga du meg slik?»

21. Eller har ikkje pottemakaren makt over leira, så han av same leirklumpen kan laga ei krukke til fint bruk og ei anna til simplare bruk?

22. Og endå Gud ville visa sin vreide og kunngjera si makt, har han med stort tolmod bore over med dei krukkene som var under vreiden og laga for å gå til grunne.

23. Han gjorde det for å kunngjera kor rik hans herlegdom er for dei som han ville visa miskunn, dei som han på førehand hadde gjort ferdige til herlegdom.

24. Oss òg har han kalla til å vera slike krukker, ikkje berre mellom jødane, men mellom heidningane òg.

25. Som han seier hos Hosea: Dei som ikkje var mitt folk, vil eg kalla mitt folk, og henne som eg ikkje elska, vil eg kalla den som eg elskar.

26. Der det før vart sagt til dei:«De er ikkje mitt folk», der skal dei kallast borna til den levande Gud.

27. Og Jesaja ropar ut over Israel: Om Israelsborna var så talrike som havsens sand, skal berre ein rest bli frelst.

28. For i hast skal Herren sluttføra sin rekneskap på jorda.

29. Og som Jesaja før har sagt: Hadde ikkje Herren over hærskarane late nokon av vår ætt leva, då var vi som Sodoma, då likna vi Gomorra.

30. Kva skal vi då seia? Jau, heidningane som ikkje jaga etter å få rettferd, dei har vunne rettferd, det vil seia: rettferda av tru.

31. Men Israel, som jaga etter lova for å vinna rettferd, dei nådde ikkje fram.

Les hele kapitlet Romarane 9