Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 9:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Eg talar sanning i Kristus; eg lyg ikkje! Samvitet mitt stadfester det i Den heilage ande.

2. Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet.

3. For eg skulle ønskja at eg sjølv var forbanna og skild frå Kristus, berre det kunne hjelpa mine sysken som er av same folket som eg.

4. Dei er israelittar; dei har retten til å vera Guds born, og herlegdomen, paktene, lova, tempeltenesta og lovnadene er deira.

5. Dei har fedrane, og frå dei stammar òg Kristus, han som er Gud over alt, velsigna i all æve. Amen.

6. Det er ikkje slik at Guds ord har slege feil. For ikkje alle som er av Israels ætt, høyrer Israel til,

7. og ikkje alle som nedstammar frå Abraham, er Abrahams born. For det står: Gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di.

8. Det vil seia: Det er ikkje dei som er borna hans av kjøt og blod, som er Guds born. Nei, dei som er born ut frå lovnaden, reknar han som Abrahams ætt.

9. For dette er eit lovnadsord: Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara ha ein son.

Les hele kapitlet Romarane 9