Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 8:4-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Slik skulle det som lova krev, bli oppfylt i oss som ikkje lever slik kjøtet vil, men slik Anden vil.

5. Dei som lever slik kjøtet vil, traktar etter det som høyrer menneske til, men dei som lever slik Anden vil, traktar etter det som høyrer Anden til.

6. For det kjøtet vil, er død, men det Anden vil, er liv og fred.

7. Difor er det som kjøtet vil, fiendskap mot Gud, for det bøyer seg ikkje under Guds lov og kan det ikkje heller.

8. Dei som kjøtet har makta over, kan ikkje vera til glede for Gud.

9. Men det er ikkje kjøtet som har makta over dykk, det er Anden – så sant Guds Ande bur i dykk. Den som ikkje har Kristi Ande, høyrer ikkje Kristus til.

10. Men dersom Kristus bur i dykk, er nok kroppen død på grunn av synda, men ånda er levande på grunn av rettferda.

11. Han reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar dødelege kropp levande ved sin Ande, som bur i dykk.

12. Så skyldar vi ikkje kjøtet nokon ting, sysken, så vi skulle leva slik det vil.

13. For dersom de lever slik kjøtet vil, skal de døy. Men drep de ved Anden dei gjerningane kroppen gjer, då skal de leva.

14. Alle som blir drivne av Guds Ande, er Guds born.

15. For de fekk ikkje den ånda som slavane har, så de på nytt skulle leva i frykt. Nei, de fekk Anden som gjev rett til å vera Guds born, den som gjer at vi ropar: «Abba, Far!»

16. Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born.

17. Men er vi born, då er vi òg arvingar. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han, så vi òg skal eiga herlegdomen saman med han.

18. Eg meiner at det vi må lida i den tida som no er, ikkje er nokon ting mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og bli vår.

Les hele kapitlet Romarane 8