Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 8:23-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Ja, endå meir: Også vi som har fått Anden, den første frukta av hausten som kjem, sukkar med oss sjølve og lengtar etter å bli Guds born heilt og fullt når kroppen vår blir sett fri.

24. For i håpet er vi frelste. Men eit håp som vi alt ser oppfylt, er ikkje noko håp. Korleis kan nokon håpa på det dei alt ser?

25. Men håpar vi på noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod.

26. På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår maktløyse. For vi veit ikkje kva vi skal be om for å be rett, men Anden sjølv går i forbøn for oss med sukk utan ord.

27. Og han som ransakar hjarta, veit kva Anden vil, for han bed etter Guds vilje for dei heilage.

28. Vi veit at alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla.

29. Dei han på førehand vedkjende seg, har han òg på førehand sett til å bli forma etter biletet av Son sin, så han skulle vera den førstefødde mellom mange sysken.

30. Og dei han på førehand har bestemt til dette, har han òg kalla. Og dei han kalla, har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, har han òg herleggjort.

31. Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss?

32. Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alt med han?

33. Kven vil koma med skuldingar mot Guds utvalde? Gud er den som frikjenner.

34. Kven kan då fordømma? Kristus Jesus er den som døydde, ja, meir enn det, han vart reist opp og er ved Guds høgre hand, og han bed for oss.

35. Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd?

36. Som det står skrive: For di skuld blir vi drepne dagen lang, vi blir rekna som slaktesauer.

37. Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss.

38. For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt,

39. verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Les hele kapitlet Romarane 8