Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 8:12-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Så skyldar vi ikkje kjøtet nokon ting, sysken, så vi skulle leva slik det vil.

13. For dersom de lever slik kjøtet vil, skal de døy. Men drep de ved Anden dei gjerningane kroppen gjer, då skal de leva.

14. Alle som blir drivne av Guds Ande, er Guds born.

15. For de fekk ikkje den ånda som slavane har, så de på nytt skulle leva i frykt. Nei, de fekk Anden som gjev rett til å vera Guds born, den som gjer at vi ropar: «Abba, Far!»

16. Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born.

17. Men er vi born, då er vi òg arvingar. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han, så vi òg skal eiga herlegdomen saman med han.

18. Eg meiner at det vi må lida i den tida som no er, ikkje er nokon ting mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og bli vår.

19. Det skapte lengtar inderleg etter at Guds born skal openberrast i herlegdom.

20. For det skapte vart lagt under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det slik. Likevel var det håp,

21. for òg skapningen sjølv skal bli frigjord frå slaveriet under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen.

22. Vi veit at heilt til denne dag sukkar og stønnar heile skapningen saman, som i fødselsrier.

23. Ja, endå meir: Også vi som har fått Anden, den første frukta av hausten som kjem, sukkar med oss sjølve og lengtar etter å bli Guds born heilt og fullt når kroppen vår blir sett fri.

24. For i håpet er vi frelste. Men eit håp som vi alt ser oppfylt, er ikkje noko håp. Korleis kan nokon håpa på det dei alt ser?

25. Men håpar vi på noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod.

26. På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår maktløyse. For vi veit ikkje kva vi skal be om for å be rett, men Anden sjølv går i forbøn for oss med sukk utan ord.

27. Og han som ransakar hjarta, veit kva Anden vil, for han bed etter Guds vilje for dei heilage.

28. Vi veit at alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla.

29. Dei han på førehand vedkjende seg, har han òg på førehand sett til å bli forma etter biletet av Son sin, så han skulle vera den førstefødde mellom mange sysken.

Les hele kapitlet Romarane 8