Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 6:7-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. For synda har ikkje lenger nokon rett over den som er død.

8. Men er vi døde med Kristus, trur vi at vi òg skal leva med han.

9. Vi veit at når Kristus er oppreist frå dei døde, då døyr han ikkje meir, for døden har ikkje lenger makt over han.

10. Døden han døydde, den døydde han for synda, éin gong for alle, men livet han lever, det lever han for Gud.

11. På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.

12. Lat då ikkje synda rå i den dødelege kroppen dykkar, så de gjev etter for lystene i denne kroppen.

13. Og byd ikkje lemene dykkar fram til teneste for synda, som våpen for uretten. Men byd dykk sjølve og lemene dykkar fram til teneste for Gud, som våpen for det som er rett. For de var døde og har fått liv.

14. Synda skal ikkje vera herre over dykk. For de er ikkje under lova, men under nåden.

Les hele kapitlet Romarane 6