Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 6:16-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Veit de ikkje at når de byd dykk fram som slavar for nokon og lyder han, då er de verkeleg slavar under den som rår over dykk? De blir anten slavar under synda, og det fører til død, eller under lydnaden, og det fører til rettferd.

17. Men Gud vere takk! De som før var slavar under synda, har no av hjartet vorte lydige mot den læra som de vart overgjevne til.

18. De vart sette fri frå synda og er slavar for rettferda –

19. eg bruker eit bilete frå dagleglivet sidan de er veike, av kjøt og blod. Før baud de fram lemene dykkar til teneste for det ureine og det urette, og det førte berre til urett. Men no skal de by fram lemene dykkar til teneste for rettferda, så de kan bli heilage.

20. Medan de var slavar under synda, var de frie frå det som er rett.

21. Kva slags frukter hausta de av det? Slike som de no skammar dykk over, for dei fører til døden.

22. Men no er de frigjorde frå synda og har vorte tenarar for Gud, og frukta er eit liv i helging, og det fører til evig liv.

23. For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.

Les hele kapitlet Romarane 6