Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 6:11-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.

12. Lat då ikkje synda rå i den dødelege kroppen dykkar, så de gjev etter for lystene i denne kroppen.

13. Og byd ikkje lemene dykkar fram til teneste for synda, som våpen for uretten. Men byd dykk sjølve og lemene dykkar fram til teneste for Gud, som våpen for det som er rett. For de var døde og har fått liv.

14. Synda skal ikkje vera herre over dykk. For de er ikkje under lova, men under nåden.

15. Kva skal vi då seia? Skal vi synda sidan vi ikkje er under lova, men under nåden? Langt ifrå!

16. Veit de ikkje at når de byd dykk fram som slavar for nokon og lyder han, då er de verkeleg slavar under den som rår over dykk? De blir anten slavar under synda, og det fører til død, eller under lydnaden, og det fører til rettferd.

17. Men Gud vere takk! De som før var slavar under synda, har no av hjartet vorte lydige mot den læra som de vart overgjevne til.

Les hele kapitlet Romarane 6