Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 6:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Kva skal vi då seia? Skal vi halda fram i synda så nåden kan bli så mykje større?

2. Langt ifrå! Korleis kan vi som har døydd bort frå synda, framleis leva i henne?

3. Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans?

4. Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv.

5. Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans.

6. Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den kroppen som er underlagd synda, skulle gjerast til inkjes og vi ikkje lenger skulle vera slavar under synda.

Les hele kapitlet Romarane 6