Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 5:11-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Ja, ikkje berre det, men vi er glade og stolte i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

12. Difor, liksom synda kom inn i verda ved eitt menneske, og døden saman med synda, slik nådde døden alle menneske fordi dei alle synda.

13. Også før lova var det synd i verda. Og endå synda ikkje blir rekna som synd der det ikkje er noka lov,

14. rådde likevel døden frå Adam til Moses, også over dei som ikkje hadde gjort noko lovbrot slik som Adam. Adam står her som eit bilete på han som skulle koma.

15. Men det er annleis med nåden enn med fallet. På grunn av fallet til den eine måtte dei mange døy, men Guds nådegåve er så uendeleg mykje større: Ho blir gjeven i rikt mål til dei mange på grunn av nåden frå det eine mennesket Jesus Kristus.

16. Og det er annleis med gåva enn med den synda som den eine gjorde. For dommen over eitt menneske førte til fordømming, men nådegåva førte til frikjenning, endå det var mange som hadde falle.

17. Døden fekk herredøme fordi eitt einaste menneske fall. Kor mykje meir skal då ikkje dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve, eiga livet og få herredøme ved den eine, Jesus Kristus.

18. Difor: Slik som ein manns fall vart til fordømming for alle menneske, slik fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske.

19. Slik dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig.

20. Lova kom til så fallet skulle bli stort. Men der synda vart stor, vart nåden endå mykje større.

Les hele kapitlet Romarane 5