Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 16:15-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Hels Filologos og Julia, Nerevs og syster hans og Olympas, og alle dei heilage som er saman med dei.

16. Hels kvarandre med eit heilagt kyss! Alle Kristi forsamlingar helsar dykk.

17. Eg legg dykk på hjartet, sysken, at de må halda auge med dei som skaper splitting og får dykk til å falla frå den læra de har teke imot. Hald dykk ifrå dei!

18. Slike menneske tener ikkje Herren Jesus Kristus, men sin eigen mage. Med fine ord og lokkande tale forfører dei slike som er godtruande av hjartet.

19. Men alle har høyrt om lydnaden dykkar, og difor gleder eg meg over dykk. Eg vil at de skal vera kloke i det gode og uskuldige i det vonde.

20. Må fredens Gud snart knusa Satan under føtene dykkar! Vår Herre Jesu nåde vere med dykk!

21. Timoteus, medarbeidaren min, og Lukius, Jason og Sosipater, landsmennene mine, helsar dykk.

22. Eg, Tertius, som har skrive ned brevet, helsar dykk i Herren.

23. Gaius, som er vert for meg og heile forsamlinga, helsar dykk. Erastos, rekneskapsføraren i byen, helsar dykk, like eins Kvartus, bror vår.

24. {{Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen.}}

25. Lova vere Gud, han som har makt til å styrkja dykk med mitt evangelium, bodskapen om Jesus Kristus, etter openberringa av det mysteriet som har vore løynt frå evige tider,

26. men som no er kome for dagen. Gjennom profetiske skrifter og etter påbod frå den evige Gud er dette mysteriet no kunngjort for alle folkeslag for å føra dei til lydnad i tru.

27. Han, den einaste vise Gud, vere ære ved Jesus Kristus i all æve! Amen.

Les hele kapitlet Romarane 16