Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 16:11-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Hels Herodion, landsmannen min. Hels alle hos Narkissos som høyrer Herren til.

12. Hels Tryfena og Tryfosa, som arbeider hardt for Herren. Hels den kjære Persis, som har arbeidd så mykje for Herren.

13. Hels Rufus, Herrens utvalde, og mor hans; ho har vore ei mor for meg òg.

14. Hels Asynkritos, Flegon, Hermes, Patrobas, Hermas og syskena som er saman med dei.

15. Hels Filologos og Julia, Nerevs og syster hans og Olympas, og alle dei heilage som er saman med dei.

16. Hels kvarandre med eit heilagt kyss! Alle Kristi forsamlingar helsar dykk.

17. Eg legg dykk på hjartet, sysken, at de må halda auge med dei som skaper splitting og får dykk til å falla frå den læra de har teke imot. Hald dykk ifrå dei!

18. Slike menneske tener ikkje Herren Jesus Kristus, men sin eigen mage. Med fine ord og lokkande tale forfører dei slike som er godtruande av hjartet.

19. Men alle har høyrt om lydnaden dykkar, og difor gleder eg meg over dykk. Eg vil at de skal vera kloke i det gode og uskuldige i det vonde.

20. Må fredens Gud snart knusa Satan under føtene dykkar! Vår Herre Jesu nåde vere med dykk!

21. Timoteus, medarbeidaren min, og Lukius, Jason og Sosipater, landsmennene mine, helsar dykk.

22. Eg, Tertius, som har skrive ned brevet, helsar dykk i Herren.

Les hele kapitlet Romarane 16