Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 16:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Eg vil leggja inn eit godt ord hos dykk for Føbe, syster vår; ho er ein diakon frå forsamlinga i Kenkreæ.

2. Ta imot henne i Herren som det sømer seg for dei heilage. Stå til teneste for henne i alle oppgåver der ho kan trenga hjelp av dykk. For sjølv har ho vore til hjelp for mange, også for meg.

3. Hels Priska og Akvilas, medarbeidarane mine i Kristus Jesus.

4. Dei la halsen på blokka for å berga livet mitt, noko ikkje berre eg, men alle dei heidningkristne forsamlingane vil takka dei for.

5. Hels òg forsamlinga som kjem saman i huset deira. Hels min kjære Epainetos, han som er den første frukta for Kristus i Asia.

6. Hels Maria, som har arbeidd og slite så mykje for dykk.

7. Hels Andronikos og Junia, som er landsmennene mine og fengselskameratane mine. Dei har eit godt namn mellom apostlane, og dei kom til trua på Kristus før meg.

8. Hels Ampliatus, min kjære ven i Herren.

9. Hels Urbanus, vår medarbeidar i Kristus, og min kjære Stakys.

10. Hels Apelles, som er vel prøvd i Kristus. Hels alle hos Aristobolos.

11. Hels Herodion, landsmannen min. Hels alle hos Narkissos som høyrer Herren til.

12. Hels Tryfena og Tryfosa, som arbeider hardt for Herren. Hels den kjære Persis, som har arbeidd så mykje for Herren.

Les hele kapitlet Romarane 16