Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 15:8-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. For det seier eg dykk: Kristus vart ein tenar for dei omskorne for å visa at Gud talar sant, og for å stadfesta dei lovnader som fedrane fekk,

9. men òg for at heidningfolka skal prisa Gud for hans miskunn, som det står skrive: Difor vil eg prisa deg mellom folka og lovsyngja ditt namn.

10. Og ein annan stad heiter det: Gled dykk, de folkeslag, saman med hans folk!

11. Og endå ein annan stad: Lovsyng Herren, alle folk, pris han, alle folkeslag!

12. Og Jesaja seier: Isais rotskot skal koma, han som reiser seg og rår over folka, til han skal folkeslaga setja si von.

13. Må Gud, som gjev von, fylla dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den heilage andens kraft.

14. Eg har den tru om dykk òg, mine sysken, at de er fylte av det gode, og at de har kunnskap nok, så de òg kan rettleia kvarandre.

15. Likevel har eg nokre stader skrive nokså ope og direkte for å minna dykk om det som de før har høyrt. Eg gjer det i kraft av den nåde Gud har gjeve meg:

16. at eg skal vera Kristi Jesu tempelprest mellom folkeslaga. Mi heilage teneste er å forkynna evangeliet, så folkeslaga kan bli ei offergåve til glede for Gud, helga ved Den heilage ande.

17. I Kristus Jesus kan eg vera glad og stolt over denne tenesta for Gud.

18. Men eg vågar ikkje å tala om anna enn det Kristus har gjort gjennom meg for å føra folkeslaga til lydnad. Dette har eg fått gjera med ord og i gjerning,

19. ved mektige teikn og under og ved Andens kraft. Så har eg fullført forkynninga av Kristi evangelium vidt omkring, frå Jerusalem og heilt til Illyria.

Les hele kapitlet Romarane 15