Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 14:14-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. I Herren Jesus veit eg sikkert og visst at ingenting er ureint i seg sjølv. Men for den som held noko for ureint, er det ureint.

15. Gjer du bror din eller syster di sorg med maten du et, då går du ikkje fram med kjærleik. Den som Kristus døydde for, må ikkje du føra i fortaping med maten din.

16. Lat ikkje det gode de eig, bli til spott.

17. For Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den heilage ande.

18. Den som tener Kristus på denne måten, han er til glede for Gud og får respekt mellom menneske.

19. Lat oss difor streva etter det som fører til fred og til oppbygging oss imellom!

20. Riv ikkje ned Guds verk av omsyn til mat. Visst er alt reint, men om eit menneske et noko slik at det blir årsak til fall, då er det av det vonde.

21. Det er rett å ikkje eta kjøt eller drikka vin eller gjera noko anna som fører bror din til fall.

Les hele kapitlet Romarane 14