Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 14:12-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Så skal då kvar og ein av oss leggja fram sin eigen rekneskap {{for Gud}}.

13. Lat oss ikkje lenger dømma kvarandre! Døm heller slik: Ingen må få bror sin eller syster si til å snubla og falla.

14. I Herren Jesus veit eg sikkert og visst at ingenting er ureint i seg sjølv. Men for den som held noko for ureint, er det ureint.

15. Gjer du bror din eller syster di sorg med maten du et, då går du ikkje fram med kjærleik. Den som Kristus døydde for, må ikkje du føra i fortaping med maten din.

16. Lat ikkje det gode de eig, bli til spott.

Les hele kapitlet Romarane 14