Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 14:10-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Men du, kvifor dømmer du bror din, eller kvifor ser du ned på bror din? Vi skal alle fram for Guds domstol,

11. for det står skrive: Så visst som eg lever, seier Herren, for meg skal kvart kne bøya seg, og kvar tunge skal vedkjennast Gud.

12. Så skal då kvar og ein av oss leggja fram sin eigen rekneskap {{for Gud}}.

13. Lat oss ikkje lenger dømma kvarandre! Døm heller slik: Ingen må få bror sin eller syster si til å snubla og falla.

14. I Herren Jesus veit eg sikkert og visst at ingenting er ureint i seg sjølv. Men for den som held noko for ureint, er det ureint.

Les hele kapitlet Romarane 14