Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 14:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ta imot den som er veik i trua, utan å gjera dykk til dommarar over tankane hans.

2. Éin har ei tru som tillèt han å eta alt, den veike et berre grønsaker.

3. Den som et alt, skal ikkje sjå ned på den som ikkje et alt. Og den som lèt vera å eta, skal ikkje dømma den som et. For Gud har teke imot han.

4. Kven er du som dømmer tenaren til ein annan? Om han står eller fell, er ei sak mellom han og herren hans. Og han skal bli ståande, for Herren har makt til å halda han oppe.

5. Den eine gjer forskjell på dagar, den andre held alle dagar for like. Lat kvar og ein vera fullt overtydd om sitt eige syn.

6. Den som set ein dag framfor andre, gjer det for Herren, og den som et, gjer det for Herren, for han takkar Gud. Det same gjer den som ikkje et: Han gjer det for Herren og takkar Gud.

7. For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv.

8. Lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren. Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til.

9. Difor var det Kristus døydde og vart levande att: Han skulle vera herre over både levande og døde.

10. Men du, kvifor dømmer du bror din, eller kvifor ser du ned på bror din? Vi skal alle fram for Guds domstol,

Les hele kapitlet Romarane 14