Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 13:9-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. For boda: du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje lysta, eller kva anna bod det skal vera, dei samlar seg til eitt i dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv.

10. Kjærleiken gjer ikkje noko vondt mot nesten. Difor er kjærleiken oppfylling av lova.

11. Dessutan veit de kor langt det lid: Timen er komen då de må vakna opp av søvnen, for frelsa er oss nærare no enn då vi kom til trua.

12. Natta lid, og det stundar mot dag. Lat oss difor leggja bort dei gjerningane som høyrer mørkret til, og kle oss i den rustning som høyrer lyset til.

13. Lat oss vandra sømeleg, som på lyse dagen, ikkje i festing og fyll, ikkje i hor og utskeiing, ikkje i strid og misunning.

14. Men kled dykk i Herren Jesus Kristus, og ha ikkje slik omsorg for kroppen at det vekkjer lyster.

Les hele kapitlet Romarane 13