Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 11:21-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller.

22. Sjå då kor god Gud er, og kor streng – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til han som er god. Elles blir du òg avhoggen.

23. Men dei andre òg skal bli innpoda, om dei då ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å poda dei inn att.

24. Du vart hoggen av frå eit vilt oliventre og mot naturen innpoda på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje då dei naturlege greinene podast inn att i sitt eige oliventre?

25. Eg vil ikkje at de skal vera uvitande om denne løyndomen, sysken, så de har for høge tankar om dykk sjølve: For ein del av Israel har vorte forherda, heilt til heidningane er komne inn i fullt tal.

26. På den måten skal heile Israel bli frelst, som det står skrive: Frå Sion skal redningsmannen koma, han skal rydda gudløysa bort frå Jakob.

27. Dette er mi pakt med dei når eg tek bort syndene deira.

28. På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, slik at de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld.

29. For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing.

30. De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige.

31. På same vis har dei no vore ulydige, for at den miskunn de har fått, skal føra til at dei òg no får miskunn.

32. Gud lét alle vera ulydige, så han kunne miskunna seg over alle.

33. Å, for eit djup av rikdomog visdom og kunnskap hos Gud!Kor uransakelege hans dommar er,og kor ufattelege hans vegar!

34. Kven kjende Herrens sinn, eller kven var rådgjevaren hans?

Les hele kapitlet Romarane 11