Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 11:14-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. i håp om at eg kan eggja til misunning dei som er mitt eige kjøt og blod, og frelsa nokre av dei.

15. Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva vil det ikkje då føra til at dei blir godtekne? Jau, liv av død!

16. Er det første brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg.

17. Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er poda inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei.

18. Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så hugs at det er ikkje du som ber rota, men rota som ber deg.

19. No vil du kanskje seia: «Greinene vart avbrotne så eg kunne podast inn.»

20. Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du blir ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud!

21. Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller.

22. Sjå då kor god Gud er, og kor streng – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til han som er god. Elles blir du òg avhoggen.

23. Men dei andre òg skal bli innpoda, om dei då ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å poda dei inn att.

24. Du vart hoggen av frå eit vilt oliventre og mot naturen innpoda på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje då dei naturlege greinene podast inn att i sitt eige oliventre?

25. Eg vil ikkje at de skal vera uvitande om denne løyndomen, sysken, så de har for høge tankar om dykk sjølve: For ein del av Israel har vorte forherda, heilt til heidningane er komne inn i fullt tal.

26. På den måten skal heile Israel bli frelst, som det står skrive: Frå Sion skal redningsmannen koma, han skal rydda gudløysa bort frå Jakob.

27. Dette er mi pakt med dei når eg tek bort syndene deira.

28. På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, slik at de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld.

29. For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing.

30. De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige.

31. På same vis har dei no vore ulydige, for at den miskunn de har fått, skal føra til at dei òg no får miskunn.

Les hele kapitlet Romarane 11