Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 11:12-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Når deira fall har ført til rikdom for verda, og deira tap har vorte til rikdom for dei andre folka, kor mykje meir får det ikkje då å seia at dei kjem med i fullt tal?

13. No talar eg til dykk som er av heidningætt. Så sant eg er apostel for heidningane, set eg tenesta mi høgt,

14. i håp om at eg kan eggja til misunning dei som er mitt eige kjøt og blod, og frelsa nokre av dei.

15. Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva vil det ikkje då føra til at dei blir godtekne? Jau, liv av død!

16. Er det første brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg.

17. Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er poda inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei.

18. Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så hugs at det er ikkje du som ber rota, men rota som ber deg.

19. No vil du kanskje seia: «Greinene vart avbrotne så eg kunne podast inn.»

20. Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du blir ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud!

21. Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller.

22. Sjå då kor god Gud er, og kor streng – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til han som er god. Elles blir du òg avhoggen.

23. Men dei andre òg skal bli innpoda, om dei då ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å poda dei inn att.

24. Du vart hoggen av frå eit vilt oliventre og mot naturen innpoda på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje då dei naturlege greinene podast inn att i sitt eige oliventre?

Les hele kapitlet Romarane 11