Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 11:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. No spør eg: Har Gud støytt ifrå seg folket sitt? Langt ifrå! Eg er sjølv ein israelitt, av Abrahams ætt og Benjamins stamme.

2. Gud har ikkje støytt ifrå seg folket sitt, det folket han hadde vedkjent seg. Eller veit de ikkje kva Skrifta seier i forteljinga om Elia, korleis han stig fram for Gud med skuldingar mot Israel?

3. «Herre, profetane dine har dei drepe, og altara dine har dei rive ned. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»

4. Men korleis lyder det guddomlege svaret han får? «Eg har spart sju tusen mann som ikkje har bøygd kne for Baal.»

5. På same måten har det i vår tid òg vorte att ein rest som Gud i sin nåde har valt ut.

6. Men er det av nåde, då er det ikkje på grunn av gjerningar; elles var ikkje nåden lenger nåde.

7. Kva så? Det Israel søkjer, har dei ikkje oppnådd, men dei utvalde har oppnådd det. Dei andre har vorte forherda,

8. som det står skrive: Gud har gjeve dei ei sløv ånd, auge som ikkje ser, og øyre som ikkje høyrer, heilt til denne dag.

9. Og David seier: Lat bordet deira bli ei snare og ei felle, ein snublestokk og ei straff for dei.

10. Lat auga deira formørkjast så dei ikkje kan sjå, og lat ryggen deira for alltid vera bøygd.

11. Så spør eg: Snubla dei for at dei skulle falla? Nei, langt ifrå! Men deira fall gjorde at frelsa kom til dei andre folka, og så skulle jødane bli misunnelege på dei.

Les hele kapitlet Romarane 11