Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 10:8-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i din munn og i ditt hjarte. Det er ordet om trua, det som vi forkynner.

9. For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst.

10. Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste.

11. Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal bli til skamme.

12. For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han.

13. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst.

14. Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner?

15. Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje blir utsende? Som det står skrive: Kor vakre dei er, føtene til dei som kjem med gledebod!

16. Men ikkje alle var lydige mot evangeliet. Jesaja seier: Herre, kven trudde bodskapen vår?

17. Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.

18. Har dei ikkje høyrt, spør eg då. Jau, sanneleg: Deira røyst har nådd ut over heile jorda, orda dit verda endar.

19. Men så spør eg: Kan henda Israel ikkje har skjøna det? Først seier Moses: Eg vil gjera dykk sjalu på dei som ikkje er eit folk, på eit uvitug folk gjer eg dykk rasande.

20. Og Jesaja går så langt at han seier: Eg vart funnen av dei som ikkje søkte meg, eg openberra meg for dei som ikkje spurde etter meg.

Les hele kapitlet Romarane 10