Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 10:3-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Dei kjenner ikkje Guds rettferd, men prøver å byggja si eiga rettferd; difor har dei ikkje bøygd seg inn under rettferda frå Gud.

4. For Kristus er endepunktet for lova, så kvar den som trur, skal bli rettferdig.

5. Moses skriv om den rettferda som lova gjev: Det mennesket som lever etter boda, skal ha liv ved dei.

6. Men den rettferda som kjem av tru, seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned –

7. eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde.

8. Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i din munn og i ditt hjarte. Det er ordet om trua, det som vi forkynner.

9. For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst.

10. Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste.

11. Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal bli til skamme.

Les hele kapitlet Romarane 10