Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 9:34-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

34. Men farisearane sa: «Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.»

35. Jesus gjekk no omkring i alle byane og landsbyane. Han underviste i synagogane deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage.

36. Og då han såg alt folket, fekk han inderleg medkjensle med dei, for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar.

37. Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få.

38. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»

Les hele kapitlet Matteus 9