Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 9:15-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. «Kan bryllaupsgjestene sørgja så lenge brudgomen er hos dei?» svara Jesus. «Men det skal koma ei tid då brudgomen blir teken frå dei, og då skal dei fasta!

16. Ingen set ein lapp av ukrympa tøy på eit gammalt klesplagg. For då riv bota med seg noko av plagget, og rifta blir større.

17. Heller ikkje fyller ein ny vin i gamle skinnsekker, for då rivnar sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. Nei, ny vin fyller ein i nye skinnsekker, då held dei seg begge.»

18. Medan han tala til dei om dette, kom ein forstandar og fall på kne for han og sa: «Dotter mi er nettopp død, men kom og legg handa di på henne, så får ho leva.»

19. Då reiste Jesus seg og gjekk med han, og læresveinane følgde.

20. No var det ei kvinne der som hadde lide av blødingar i tolv år. Ho gjekk bort til Jesus bakanfrå og rørte ved dusken på kappefliken hans.

21. For ho tenkte: «Kan eg berre få røra ved kappa hans, så blir eg frisk.»

22. Jesus snudde seg, og då han såg henne, sa han: «Ver ved godt mot, dotter! Trua di har frelst deg.» Og kvinna vart frisk i same stunda.

23. Då Jesus kom heim til forstandaren og fekk sjå fløytespelarane og den ståkande flokken, sa han:

24. «Gå ut! Jenta er ikkje død, ho søv.» Dei berre lo av han.

25. Så snart alle var sende ut, gjekk han inn og tok jenta i handa, og ho reiste seg opp.

26. Ordet om dette spreidde seg over heile landsdelen der.

27. Då Jesus gjekk derifrå, følgde to blinde etter han og ropa: «Miskunna deg over oss, du Davids son!»

28. Og då han var komen i hus, gjekk dei blinde inn til han. «Trur de at eg kan gjera dette?» spurde Jesus. «Ja, Herre», svara dei.

29. Då rørte han ved auga deira og sa: «Det skal bli som de trur.»

30. Og med ein gong vart auga deira opna. Jesus tala strengt til dei og sa: «Sjå til at ingen får vita det.»

31. Men dei gjekk ut og fortalde om han i heile området der.

Les hele kapitlet Matteus 9