Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 9:13-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Gå og lær kva som ligg i dette ordet: Det er miskunn eg vil ha, ikkje offer.Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»

14. Då kom læresveinane åt Johannes til han og sa: «Kvifor fastar ikkje læresveinane dine, medan vi og farisearane fastar ofte?»

15. «Kan bryllaupsgjestene sørgja så lenge brudgomen er hos dei?» svara Jesus. «Men det skal koma ei tid då brudgomen blir teken frå dei, og då skal dei fasta!

16. Ingen set ein lapp av ukrympa tøy på eit gammalt klesplagg. For då riv bota med seg noko av plagget, og rifta blir større.

17. Heller ikkje fyller ein ny vin i gamle skinnsekker, for då rivnar sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. Nei, ny vin fyller ein i nye skinnsekker, då held dei seg begge.»

18. Medan han tala til dei om dette, kom ein forstandar og fall på kne for han og sa: «Dotter mi er nettopp død, men kom og legg handa di på henne, så får ho leva.»

19. Då reiste Jesus seg og gjekk med han, og læresveinane følgde.

20. No var det ei kvinne der som hadde lide av blødingar i tolv år. Ho gjekk bort til Jesus bakanfrå og rørte ved dusken på kappefliken hans.

21. For ho tenkte: «Kan eg berre få røra ved kappa hans, så blir eg frisk.»

22. Jesus snudde seg, og då han såg henne, sa han: «Ver ved godt mot, dotter! Trua di har frelst deg.» Og kvinna vart frisk i same stunda.

23. Då Jesus kom heim til forstandaren og fekk sjå fløytespelarane og den ståkande flokken, sa han:

Les hele kapitlet Matteus 9