Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 8:9-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til éin: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han, og til tenaren min: ‘Gjer dette!’ så gjer han det.»

10. Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som følgde han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ikkje hos nokon i Israel har eg funne slik ei tru.

11. Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket.

12. Men borna av riket skal kastast ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»

13. Og Jesus sa til offiseren: «Gå! Det skal skje, slik du trudde.» Og tenesteguten vart frisk i same stunda.

14. Då Jesus kom heim til Peter, fekk han sjå at svigermor hans låg og hadde feber.

15. Han rørte ved handa hennar. Då gav feberen seg, og ho stod opp og tente han.

16. Då det vart kveld, kom dei til han med mange som hadde vonde ånder. Han dreiv ut åndene med eit ord og lækte alle som var sjuke.

Les hele kapitlet Matteus 8