Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 8:23-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Han gjekk ut i båten, og læresveinane følgde han.

24. Og sjå, det bles opp til storm på sjøen, og bølgjene slo over båten. Men Jesus sov.

25. Då gjekk dei bort og vekte han og sa: «Herre, frels oss! Vi går under!»

26. Han svara: «Kvifor er de så redde – de lite truande!» Så reiste han seg og truga vindane og sjøen, og det vart blikande stilt.

27. Mennene undra seg og sa: «Kva er dette for ein? Både vind og sjø lyder han!»

28. Då Jesus kom over på andre sida, til Gadarenar-landet, kom to som hadde vonde ånder, mot han ut frå gravhòlene. Dei var så ville at ingen kunne koma fram den vegen.

29. Dei sette i å ropa: «Kva vil du oss, du Guds Son? Er du komen hit for å pina oss før tida?»

30. Eit godt stykke derifrå gjekk det ein stor griseflokk og beitte.

31. Og dei vonde åndene bad han: «Om du driv oss ut, så send oss inn i griseflokken.»

32. «Far av stad!» sa Jesus. Og dei fór ut or mennene og inn i grisene. Då sette heile flokken utfor eit stup og ned i sjøen, og der drukna dei.

33. Dei som gjette grisene, rømde og sprang inn til byen. Der fortalde dei alt og sa korleis det hadde gått med dei som hadde hatt vonde ånder.

34. Heile byen kom ut for å møta Jesus. Og då dei fekk sjå han, bad dei han fara bort frå bygdene deira.

Les hele kapitlet Matteus 8