Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 8:12-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Men borna av riket skal kastast ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»

13. Og Jesus sa til offiseren: «Gå! Det skal skje, slik du trudde.» Og tenesteguten vart frisk i same stunda.

14. Då Jesus kom heim til Peter, fekk han sjå at svigermor hans låg og hadde feber.

15. Han rørte ved handa hennar. Då gav feberen seg, og ho stod opp og tente han.

16. Då det vart kveld, kom dei til han med mange som hadde vonde ånder. Han dreiv ut åndene med eit ord og lækte alle som var sjuke.

17. Slik skulle det oppfyllast, det ordet som er tala gjennom profeten Jesaja: Han tok bort våre plager og bar våre sjukdomar.

18. Då Jesus såg så mykje folk omkring seg, gav han bod om å fara over til andre sida av sjøen.

19. Ein skriftlærd kom til han og sa: «Meister, eg vil følgja deg kvar du så går.»

20. Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet på.»

21. Ein annan, ein av læresveinane, sa til han: «Herre, lat meg først få gå heim og gravleggja far min.»

22. Men Jesus svara: «Følg du meg, og lat dei døde gravleggja sine døde.»

23. Han gjekk ut i båten, og læresveinane følgde han.

24. Og sjå, det bles opp til storm på sjøen, og bølgjene slo over båten. Men Jesus sov.

25. Då gjekk dei bort og vekte han og sa: «Herre, frels oss! Vi går under!»

26. Han svara: «Kvifor er de så redde – de lite truande!» Så reiste han seg og truga vindane og sjøen, og det vart blikande stilt.

27. Mennene undra seg og sa: «Kva er dette for ein? Både vind og sjø lyder han!»

28. Då Jesus kom over på andre sida, til Gadarenar-landet, kom to som hadde vonde ånder, mot han ut frå gravhòlene. Dei var så ville at ingen kunne koma fram den vegen.

29. Dei sette i å ropa: «Kva vil du oss, du Guds Son? Er du komen hit for å pina oss før tida?»

Les hele kapitlet Matteus 8