Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 8:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så gjekk Jesus ned frå fjellet, og mykje folk følgde han.

2. No kom det ein mann som var spedalsk, kasta seg ned for han og sa: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.»

3. Jesus rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!» Og med det same vart han reinsa for sjukdomen sin.

4. Då sa Jesus til han: «Sei ikkje dette til nokon, men gå og vis deg for presten og ber fram det offeret som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»

5. Då Jesus gjekk inn i Kapernaum, kom det ein offiser til han og bad om hjelp:

6. «Herre», sa han, «tenesteguten min ligg lam heime og har svære plager.»

7. Jesus sa: «Eg skal koma og lækja han.»

8. «Herre», svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du kjem inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt.

9. For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til éin: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han, og til tenaren min: ‘Gjer dette!’ så gjer han det.»

10. Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som følgde han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ikkje hos nokon i Israel har eg funne slik ei tru.

Les hele kapitlet Matteus 8