Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 7:8-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.

9. Eller kven av dykk gjev son sin ein stein når han bed om brød,

10. eller ein orm når han bed om fisk?

11. Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

12. Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.

13. Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er porten og brei er vegen som fører til fortaping, og mange er dei som går inn gjennom den.

14. Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.

15. Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar.

16. På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein plukka druer av klunger eller fiken av tistlar?

17. Eit godt tre ber god frukt, eit dårleg tre ber dårleg frukt.

18. Eit godt tre kan ikkje bera dårleg frukt, og eit dårleg tre kan ikkje bera god frukt.

19. Kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.

20. Difor skal de kjenna dei på fruktene.

21. Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil.

Les hele kapitlet Matteus 7