Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 7:3-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje?

4. Eller korleis kan du seia til bror din: ‘Lat meg ta flisa ut av auget ditt’ når det er ein bjelke i ditt eige?

5. Din hyklar! Ta først bjelken ut av ditt eige auge! Då ser du klårt og kan ta flisa ut av auget til bror din.

6. Gjev ikkje hundane det som er heilagt, og kast ikkje perler til svin. Dei kjem berre til å trakka dei ned og venda seg mot dykk og riva dykk sund.

7. Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.

8. For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.

9. Eller kven av dykk gjev son sin ein stein når han bed om brød,

10. eller ein orm når han bed om fisk?

11. Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

12. Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.

13. Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er porten og brei er vegen som fører til fortaping, og mange er dei som går inn gjennom den.

14. Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.

Les hele kapitlet Matteus 7