Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 7:22-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’

23. Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’

24. Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell.

25. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.

26. Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand.

27. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.»

28. Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans.

29. For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.

Les hele kapitlet Matteus 7