Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 6:8-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før de bed han om det.

9. Slik skal de be:Vår Far i himmelen!Lat namnet ditt helgast.

10. Lat riket ditt koma.Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.

11. Gjev oss i dag vårt daglege brød,

12. og tilgjev oss vår skuld,slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.

13. Og lat oss ikkje koma i freisting,men frels oss frå det vonde.{{For riket er ditt og makta og æra i all æve.Amen.}}

14. For om de tilgjev menneska misgjerningane deira, så skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk.

15. Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje misgjerningane dykkar.

16. Når de fastar, skal de ikkje gå med dyster mine som hyklarane; dei gjer seg til så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn.

17. Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet,

18. så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg.

Les hele kapitlet Matteus 6