Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 6:23-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Men er auget ditt sjukt, er det fordi kroppen er fylt av mørker. Er no lyset i deg mørker, kor djupt blir ikkje mørkret då!

24. Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

25. Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda?

26. Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?

27. Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?

28. Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje,

29. men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.

30. Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande!

31. Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’

32. For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette.

33. Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.

34. Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.

Les hele kapitlet Matteus 6