Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 6:16-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Når de fastar, skal de ikkje gå med dyster mine som hyklarane; dei gjer seg til så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn.

17. Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet,

18. så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg.

19. Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel.

20. Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel.

21. For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

22. Auget er kroppens lampe. Er auget ditt klårt, er det fordi kroppen er fylt av lys.

23. Men er auget ditt sjukt, er det fordi kroppen er fylt av mørker. Er no lyset i deg mørker, kor djupt blir ikkje mørkret då!

24. Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

25. Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda?

26. Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?

27. Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?

28. Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje,

29. men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.

30. Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande!

31. Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’

32. For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette.

Les hele kapitlet Matteus 6