Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 6:12-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. og tilgjev oss vår skuld,slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.

13. Og lat oss ikkje koma i freisting,men frels oss frå det vonde.{{For riket er ditt og makta og æra i all æve.Amen.}}

14. For om de tilgjev menneska misgjerningane deira, så skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk.

15. Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje misgjerningane dykkar.

16. Når de fastar, skal de ikkje gå med dyster mine som hyklarane; dei gjer seg til så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn.

17. Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet,

18. så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg.

19. Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel.

20. Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel.

Les hele kapitlet Matteus 6